Takstreglement Telemark

Gjeldande takstreglement for lokalbussrutene i Telemark frå 16.03.2015.

1. Enkeltbillett

1.1 Vaksen:
Frå og med den dag ein fyller 16 år må ein betale vaksen takst jf. ordinært takstregulativ.

1.2 Barn:
Barn i alderen 0-3 år reiser gratis viss det ikkje krev eigen sitteplass. F.o.m. 4 år fram til fylte 16 år er prisen 50 % av vaksentakst avrunda oppover til næraste heile krone.

1.3 Honnør:
Honnørrabatt er lik 50 % av vaksen enkeltbillett avrunda oppover til næraste heile krone. Desse har rett på honnørrabatt:

a) Personar over 67 år.

b) Uføre som har uførepensjon etter Lov om folketrygd.

c) Blinde.

d) Ektefelle som reiser saman med person som har rett til honnørrabatt etter pkt. a, b eller c.

Det krevjast godkjent legitimasjon (t.d. bankkort, førarkort eller pass) for å få rabatt. Personar under pkt. b må i tillegg ha legitimasjon frå NAV for uførepensjon etter gjeldande lov. Anna form for pensjon som t.d. førtidspensjon, etterlatnepensjon, eller anna form for pensjon utover pkt. b gir ikkje rett til honnørrabatt.

Personar med psykiske- og / eller fysiske funksjonshemmingar kan ha med ledsager hjå operatør som aksepterer ledsager / følgjesveinordninga. Ledsager / følgjesvein betaler 50 % av vaksen enkeltbillett på reiser med offentleg transport. Ledsager / følgjesvein for døvblind reiser gratis.

Det blir ikkje gitt honnørrabatt på klippekort eller andre rabatterte billettformer.

1.4 Vernepliktige:
Vernepliktige mannskap (korporalar og meinige) får 50 % rabatt, men skal minst betale minstetakst vaksen.

1.5 Student- og skulerabatt på enkeltbillett:
Student/skulerabatt på 25 % av ordinær vaksentakst blir gitt til studentar/elevar for reiser over 12 km i same selskap eller der gjennomgåande billett kan løysast.

Rabatten blir gitt mot framsyning av gyldig student/skulebevis påført rett semesterperiode.

Dette produktet eksisterer berre i Telemark Bilruter sitt område.

1.6 Gruppebillett /familiebillett

1.6.1 Telemark utanom Vest-Telemark/Telemark Bilruter
33 % rabatt pr. vaksen i grupper på minst totalt tre passasjerar som reiser same strekning. Gruppebilletten må løysast av ein av passasjerane i gruppa.

1.6.2 Vest-Telemark/Telemark Bilruter
Minigrupperabatt/familiebillett blir gitt når to eller fleire personar reiser saman på same strekning for reiser over 51 km i same selskap eller der gjennomgåande billett kan løysast. Rabatten gjelder berre enkeltbillett vaksen og/eller barn. Billetten må kjøpast av éin person.

2. Verdikort

Verdikort er namn på produktet som gjev rabatt knytt til enkeltreiser under føresetnad av at kunden på førehand har sett inn ein sum pengar på verdikortet, minstesum er kr 200,-. Verdikort gjev ein rabatt på 25 %. Ein kan også løyse honnør og barnebillett med verdikort, men ein oppnår ikkje ekstrarabatten. Desse korta er ikkje strekningsbaserte og kan nyttast i heile Telemark. Verdikortet til Telemark Bilruter vert ikkje akseptert av dei øvrige selskapa, og Telemark Bilruter aksepterar ikkje deira verdikort. Kortet kjøpast og oppdaterast på salskontor eller bussen.

3. Månadskort/ Periodekort generelt

Månadskort/periodekort gjeld for eit område uavhengig av selskap og er gyldig i 30 dagar frå fyrstegangs bruk. Korta vert fyrste gong utferda på salskontora til ruteselskapet på ferja eller bussen. Fornying av periode for eit VKT Reisekort gjerast på salskontora, ferga eller bussen og må aktiveres på bussen eller ferga før det kan nyttas på ekspressbussar og på bussar i regi av Telemark Bilruter. Fornying av periode for eit reisekort fra Telemark Bilruter kan kun fyllast på hos ein av Telemark Bilruter sine bussar.

Periodekort er gyldige på alle lokallinjer i Telemark og i tillegg aksepterer følgjande ekspressbussar dette produktet: Grenlandsekspressen på strekninga Porsgrunn/Skien-Siljan, og Nettbuss Ekspress (Sørlandsekspressen) og Konkurrenten på strekninga Tangen-Skjelsvik, Telemarkekspressen og Haukeliekspressen i Telemark fylke.  

Korta er ikkje gyldig på tog, Nattbuss og Flexiruter.

Misbruk kan føre til inndragning av kort og straffegebyr.

3.1 Månadskort og periodekort for vaksne
Kan benyttes ubegrenset på alle ordinære ruter i hele Telemark innenfor betalt reisestrekning. Kortet er gyldig for alle kundekategorier. Kortet er upersonleg, dvs. kan nyttast av fleire personar, men berre ein i gongen.

3.2 Ungdomskort
Gyldig for ungdom mellom 16 og 19 år. Kan benyttes ubegrenset på alle ordinære ruter i hele Telemark, og av elevar i vidaregåande skule før fylte 16 år og etter fylte 20 år, mot framvising av gyldig skulebevis.
Kortet er personleg og det gjeld berre for eigaren/personen. Ved kontroll må den reisande kunne legitimere at han/ho har krav på å bruke dette kortet.

3.3 Studentkort
Studentkort kan benyttas av studentar med gyldig studiebevis frå offentlege skular (høgskule, universitet, vidaregåande skule), private høgskular (f.eks. BI og folkehøgskule). Rabatten gjeld ikkje for studiebevis frå bl.a. Folkeuniversitetet og andre tilsvarande skuletilbod, vaksenopplæring / arbeidstrening finansiert av NAV og vaksenopplæring /språkundervisning for flyktningar.
Studentkortet er eit periodekort. Kortet er personleg og det gjeld berre for eigaren/personen. Ved kontroll må den reisande kunne legitimere at han/ho har krav på å bruke dette kortet.

3.4 UngVoksen
UngVoksen kortet kan benyttas av dei som er mellom 20 og 29 år. Ved kontroll må den reisande kunne legitimere at han/ho har krav på å bruke dette kortet.
 

3.5 Barn- og honnørkort
Barnekort kan benyttas av barn mellom 4 og 15 år.
Honnørkort kan benyttas av personer som er over 67 år eller har krav på honnørrabatt (se pkt. 1.3) 

Ved kontroll må reisande kunne legitimere at han/ho har krav på å bruke dette produktet.

4. Overgangsmoderasjon

4.1 Overgang med Nettbuss Sør i Grenland
Billetten kan nyttast til fleire reiser innafor det området den er gyldig for. Seiste påstigning må skje innan 1 time frå billetten vart kjøpt.  

4.2 Overgang utanfor Grenland
Det fins ulike overgangsordningar knytt til reiser med dei ulike selskapa i Telemark.

5. Skuleskyss

Elevar i barne- og ungdomsskulen og elevar i vidaregåande skule som er tilkjent fri eller delvis fri reise til- og frå skulen, skal utan oppmoding vise fram gyldig skulereisekort når dei går på bussen/ferja. Det er eit personleg elektronisk skulereisekort. Dersom eleven ikkje kan framvise gyldig skulereisekort skal det krevjast betaling eller annan garanti for reisa.

6. Reisegods, handbagasje og hundar

6.1 Handbagasje
Handbagasje som får plass i bagasjehylla, på fang eller under setet, kan takast med gratis. Bagasje må ikkje plasserast i midtgangen.

6.2 Reisegods
Ordinært reisegods er gratis, og blir teke med dersom det er plass. Døme på dette er barnevogner, ski, små kjelkar, akebrett o.l. Ski og stavar skal være samanbunde.

6.3 Syklar, sparkstøttingar, større kjelkar o.l.
Mot betaling av barnetakst kan syklar, sparkstøttingar, større kjelkar o.l. takast med dersom det er plass.

6.4 Hundar
Mot betaling av barnetakst kan hundar takast med. Hundar skal ikkje plasserast i passasjersetet, men på golvet og/eller den staden sjåføren utpeikar.

Flg. hundar reiser fritt: Førarhund saman med blinde, politihund saman med politi i uniform.

6.5 Rullestol på buss
De fleste av våre busser er tilrettelagt for universell utforming med lett adgang for rullestoler via heis/rampe.

Vi gjør oppmerksom på at det er begrenset med plass i bussene. Det er vanligvis ikke mulig å ta med mer enn en rullestol eller barnevogn. Plassen om bord er beregnet for rullestoler som ikke overstiger maksimumsmålene 80 x 120 cm. Heisen/kjørerampen tåler ikke belastninger på totalvekt over 300 kilo. Alle mål og plassforhold er i henhold til eller bedre enn EUs direktiver.

7. Refusjonar og straffetakst

Innløysing av billettar og produkt nemnd nedanfor kan gjerast ved å vende seg til selskapet.

7.1 Månadskort  / Periodekort

Generelt

Månadskort/periodekort kan innløysast i perioden dei er gyldige. Den reisande blir rekna for å ha reist t.o.m. den dag kortet blir innlevert (postlagt) til selskapet. Refusjon gis med 1/30 av månads-/periodekortprisen pr. dag kortet ikkje har vore nytta, minstegrense for refusjon er 10 dagar. Selskapa kan rekne seg eit gebyr for refusjon på inntil kr 100,- inkl. mva.

Ved sjukdomstilfelle

Månadskort/periodekort som p.g.a. sjukdom ikkje kan nyttast, skal - viss det krevjast refusjon, leverast (sendast) til selskapet som har utferda det. Refusjon blir gitt mot legeerklæring med 1/30 av månads-/periodekortprisen pr. dag kortet ikkje har blitt nytta, minstegrense for refusjon er 10 dagar. Selskapa kan rekne seg eit gebyr for refusjon på inntil kr 50,- inkl. mva.

7.2 Straffetakst

Reisande som ved kontroll ikkje kan vise gyldig billett eller kort skal betale eit gebyr på minst kr. 300,-.

 

Last ned:
Vilkår for transport med rutegående buss i Norge.
Godkjent av Samferdselsdepartementet 27. juli 2004.