Velg her
Vestfold
Telemark
Periodekort
Verdikort/SMS
Enkeltbillett
Takstregulativ
Utsalgssteder
Linjekart Telemark

Takstregulativ Telemark

Gjeldande takstreglement for bussrutene i Telemark frå 01.01.2012.

1. Enkeltbillett

1.1 Vaksen:
Frå og med den dag ein fyller 16 år må ein betale vaksen takst jfr. ordinært takstregulativ.

1.2 Barn:
Barn i alderen 0-3 år reiser gratis viss det ikkje krev eigen sitteplass. F.o.m. 4 fram til fylte 16 år er prisen 50% av vaksentakst avrunda oppover til næraste heile krone.
1.3 Honnør:
Honnørrabatt er lik 50% av vaksen enkeltbillett avrunda oppover til næraste heile krone. Desse har rett på honnørrabatt:
a)      Personar over 67 år.
b)      Uføre som har uførepensjon etter Lov om folketrygd av 17.06.1966 nr 12 § 8.3.
c)      Blinde.
d)     Ektefelle som reiser saman med person som har rett til honnørrabatt etter pkt. a, b eller c.
 
Det krevjast godkjent legitimasjon (t.d. bankkort, førarkort eller pass) for å få rabatt. Personar under pkt b må i tillegg ha legitimasjon frå Trygdekontoret for uførepensjon etter gjeldande lov. Anna form for pensjon som t.d. førtidspensjon, etterlatnepensjon, eller anna form for pensjon utover pkt. b gir ikkje rett til honnørrabatt.
 
Følgjessvein / ledsager for døvblinde har rett til fri reise.
 
Det blir ikkje gitt honnørrabatt på klippekort, månadskort eller andre rabatterte billettformer. Eigne klippekort for honnørreiser kan brukast, men det blir ikkje gitt rabatt utover honnørrabatten.
2. Klyppekort og Verdikort 
Klyppekort med 10 reiser gjev ein rabatt på 16,67 % medan 30 reiser gjev ein rabatt på 33 %. Desse korta er strekningsbaserte. Gjelder kun i Vest-Telemark.
 
Verdikort er namn på produktet som gjev rabatt knytt til enkeltreiser under føresetnad av at kunden på førehand har sett inn ein sum pengar på verdikortet, minstesum er kr 200,-. Verdikort gjev ein rabatt på 25 %. Ein kan også løyse honnør og barnebillett med verdikort, men ein oppnår ikkje ekstrarabatten. Desse korta er ikkje strekningsbaserte og kan nyttast i heile Telemark, unntatt i Vest-Telemak.
 
3. Månadskort og periodekort
Månadskort blir utferda på éin person for ei særskilt strekning, uansett selskap og gjeldande for ein kalendermånad. Kortet blir fyrste gong utferda av kontoret til ruteselskapet eller på visse utsalsstader. Kortet skal påførast namn og bilete samt reisestrekning. Fornying ved kjøp av månadsmerke kan vanlegvis gjerast på bussen eller utsalsstadene.
Månadskort kan nyttast ved reise over fleire ruter/selskap. Periodekort er gyldig i 30 dagar frå det vert kjøpt/bruka fyrste gong.
Kortet har inga avgrensing i talet på reiser. Prisen reknast ut på samla reiselengde etter godkjend taksttabell.
 
4. Ungdomskort
Ungdomskort kan kjøpast av dei som er mellom 16 og 20 år. Kortet kan også kjøpast av elevar i vidaregåande skule før fylte 16 år og etter fylte 20 år, men berre i skulemånadene og da mot framvising av gyldig skulebevis. Kortet er gyldig på alle ruter i Telemark som får offentleg tilskott, unntaket er Ekspressbussar, Nattbuss og Taxi for buss / Flexiruter. 
På enkelte ekspressbussar blir det gitt 50% rabatt på enkeltbillett ved framvising av gyldig ungdomskort. Elles gjeld dei same reglane som for månadskort. Prisen i 2012 er kr 370,-.
5. Overgangsmoderasjon
 
6. Skuleskyss
Elevar i barne- og ungdomsskulen og elevar i vidaregåande skule som er tilkjent fri eller delvis fri reise til- og frå skulen, skal utan oppmoding vise fram gyldig skulereisekort ved ombordstigning. Kortet skal vere påført eleven sitt namn med stempla bilete, klasse, skule, reisestrekning og perioden det gjeld for. Dersom eleven ikkje kan framvise gyldig skulereisekort skal det forlangast betaling eller annan garanti for reisa. Elevar i 1-7. Trinn skal alltid få vera med bussen, sjølv om dei ikkje har skulereisekort.
7. Student- og skulerabatt
Student/skulerabatt på 25% av ordinær vaksentakst blir gitt til studentar/elevar for reiser over 12 km i same selskap eller der gjennomgåande billett kan løysast.
Rabatten blir gitt mot framsyning av gyldig student/skulebevis påført rett semesterperiode.
 
Dette produktet eksisterar parallelt med Klyppekort, men vert ikkje tilbode i områder der ein har innført Verdikort.
8. Periodekort for studentar
Ordninga gjeld for studentar med gyldig studiebevis. Studentar med studiebevis frå: Offentlige   skoler (høgskole, universitet, vidaregåande skole), private høgskolar (f.eks. BI og folkehøgskole). Rabatten gjeld ikkje for studiebevis frå bl.a. Folkeuniversitetet og andre tilsvarande skoletilbod, vaksenopplæring / arbeidstrening finansiert av NAV og vaksenopplæring /språkundervisning for flyktningar.
Studentkortet er eit "månedskort"/periodekort. Kortet kan berre nyttast i den
kalendermåneden det er kjøpt for, og for den strekningen som er påført.
Det må også være påført bilde. Kortet er personleg og det gjeld berre for vedkommende person.
Kortet kostar kr 370,- . Kortet er gyldig på alle ruter i Telemark som får offentleg tilskott, unntaket er Ekspressbussar, nattbuss og Taxi for buss/Flexiruter. På enkelte ekspressbussar blir det gitt 50 % rabatt på enkeltbillett ved framvisning av gyldig studentkort.
 
9. Minigrupperabatt
Minigrupperabatt på 25% blir gitt når to eller fleire personar reiser saman på same strekning for reiser over 51 km i same selskap eller der gjennomgåande billett kan løysast. Rabatten gjelder berre enkeltbillett vaksen og/eller barn. Billetten må kjøpast av éin person.
 
Dette produktet eksisterar parallelt med Klyppekort, men vert ikkje tilbode i områder der ein har innført Verdikort.
10. Reisegods, handbagasje og hundar
10.1     Handbagasje
Fritt i bagasjehylla, på fang eller under setet. Bagasjen må ikkje plasserast i midtgangen.
10.2     Reisegods
Ordinært reisegods er gratis og blir teke med dersom det er plass.
10.3     Barnevogner
Gratis og takast med så lenge det er plass.
10.4     Syklar, sparkstøttingar, større kjelker o.l.
Barnetakst - takast med dersom det er plass.
10.5     Ski, små kjelkar, akebrett
Gratis - ski og stavar skal være samanbunde.
10.6     Hundar
Barnetakst. Hunder skal ikkje plasserast i passasjersetet, men på golvet og/eller den staden sjåføren utpeikar.
Flg. hundar reiser fritt: Førarhund saman med blinde, politihund saman med
politi i uniform og skjødehund på passasjeren sitt fang.
 
11. Refusjonar og straffetakst
Innløysing av billettypar og produkt nemnd nedanfor kan gjerast ved å vende seg til selskapet:
11.1     Månadskort
       Generelt
Månadsmerke kan innløysast i gyldighetesperioden. Den reisande blir rekna for å ha reist t.o.m. den dag kortet (merket) blir innlevert (postlagt) til selskapet. Refusjon gis med 1/30 av månadskortprisen pr dag kortet ikkje har vore nytta, minstegrense for refusjon er 10 dagar. Selskapa kan rekne seg eit gebyr for refusjon på inntil kr 50,- inkl. mva.
 
Ved sjukdomstilfelle
Månadsmerket som p.g.a. sjukdom ikkje kan nyttast, skal - viss det krevjast refusjon, leverast (sendast) til selskapet som har utferda det. Refusjon blir gitt mot legeerklæring med 1/30 av månadskortprisen pr dag kortet ikkje har blitt nytta, minstegrense for refusjon er 10 dagar sjukefråvær. Selskapa kan rekne seg eit gebyr for refusjon på inntil kr 50,- inkl. mva.
11.2     Klippekort
Klippekort er gyldig 3 månader etter takstauke. Unytta klipp refunderast med betalt nettopris pr klipp innan same tidsrom. Etter 3 månader frå takstauke refunderast kortet ikkje.
11.3     Straffetakst
Reisande som ved kontroll ikkje kan vise gyldig billett eller kort skal betale eit gebyr på minst kr. 300,-.

 

 

Vestviken Kollektivtrafikk AS  |  Jernbanegt 2 , Postboks 8 Sentrum, 3101 Tønsberg  |  Telefon 33 30 01 00   |  E-post: firmapost@vkt.no
Utviklet av
PromSys


Small width layoutMedium width layoutMaximum width layoutMaximum textMedium textSmall textBack Top!